Egelands Jernverk 02.04.2008

2. april, 2008

- av Olav Ulltveit-Moe -
Egelands Jernverk gjekk konkurs i 1884. I 1888 var buet kjøpt av Egelands Værks Interessentskab, som var eigd av ei gruppe finans- og industrifolk, og det blei bygd tresliperi. Sentral i eigargruppa var ingeniøren H.C. Hansen, som først budde på Verket, seinare i mange år på Søndeled Gård.
Det nye Egelands Verk  voks raskt, i 1893 blei det bygd sliperibygning ved Stifoss og i 1907 eit sliperi til på Søndeled.
På Verket var det mange bustadhus, familiane som budde der var tilsette i verksemda. Det er endå mange i Fiane og Søndeled kretsar som har besteforeldre og olderforeldre som budde på Verket.
Fotograf P.B. Melaas fekk omlag 1900 i oppdrag av H.C. Hansen å lage ein fotoserie frå Verket. Desse bildene kan du sjå ved å klikke på  "klikk her". Du treng Power-point eller tilsvarande for å sjå. Bildene – glasnegativene – er nå eigd av Gjerstad Historielag, serien er sett saman av Olav Ulltveit-Moe.

Klikk her 
 

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook