Bautasteinen ved Bispestolen 02.03.2008

2. mars, 2008

Av Olav Ulltveit-Moe (tekst og foto)

Bispevegen mellom Gjerstad og Åmli er eit minne frå katolsk tid. Biskopen var i Stavanger, for å se til sokna måtte han reise rundt på eldgamle vegar. Gjennom kvart sokn blei han følgt av folk frå soknet, og ved faste møtestader skifta soknefølget.
Peder Clausøn Friis omtala ein slik møtestad mellom Amli og Gjerstad. Det var ein stor stein, Bispesteinen. I den var det eit sete, og steinen låg slik at han kunne ruggast av ein mann. Vi har leita etter denne steinen, men ikkje funne han.
Det heiter seg også i Gjerstad at skifte i bispefølge fant stad ved Biskopmyra vest for Spojtvatn. Noka steinheller er der sett saman til eit sete, det er kalla Bispestolen. Då historielagt først i 1970-åra gikk Bispeveien såg vi at det låg ein stor og lang stein innved Bispestolen. Vi kom til at det måtte vere ein bautastein som var styvd. Høsten 1971 samla vi ein flokk spreke karar for å reise bautasteinen igjen.
Biletserien viser korleis det gjekk til.

(Du må ha installert Microsoft powerpoint eller tilsvarande for å sjå bileta).

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook