Feiringa av grunnlovsjubileet i Gjerstad har starta

10. mars, 2014

11. mars 1814 var det bededagsgudsteneste i Gjerstad kjørke, der det blei vald 2 utsendingar til valmøtet i Nedenes Amt. I tillegg svor forsamlinga truskap til regenten, den danske prinsen Christian Fredrik. Dette var i siste lita, for alt 3 dagar etterpå samla alle valmennene frå Nedenes seg på Brekka i Austre Moland, og valde dei tre som skulle representere Nedenes Amt i riksforsamlinga på Eidsvoll.
 

Dette var bakgrunnen for at det 9. mars 2014 var festgudsteneste i Gjerstad kjørke. Liturgien denne dagen var stort sett som på ei vanleg gudsteneste, men det blei lese ein prolog sam var skriven til jubileet av Edvard Hoem, og det blei nytta spesielle bøner. Dessutan stilte presten, Olav Hofsli, i svart prestekjole og kvit pipekrage. Gjerstadkoret var med og kasta glans over dagen. Varaordførar Inger Løite heldt ein tale der ho understreka kor viktig hendingane i 1814 har vore for utviklinga av Noreg. Dessutan nemnde ho dei andre tilstellingane som skal vere i Gjerstad i samband med jubileet: 17. mai med spesiell fokus på grunnlovsjubileet, og haustmøtet til Gjerstad Historielag 7. november der Karsten Alnes skal snakke om hendingane i 1814.
Rett etter gudstenesta blei det avduka ein kopi av den adressa (brevet) som blei skrive frå Gjerstad, og som utsendingane herifrå tok med seg til møtet på Brekka, og som deretter dei valde representantane frå Nedenes tok med til Eidsvoll. Dei to utsendingane frå Gjerstad var sokneprest Søren Georg Abel og bonde Knut Aslaksen Lunden.
Etterpå var det kjørkekaffe og skroll på kjørkebakken.

Brevet som utsendingane tok med seg til møtet på Brekka 14. mars var skrive med Søren Georg Abel si sirlege handskrift. Her er ei transkribert utgåve som er lesbar for folk flest, les brevet her.

Tekst: Kåre Dalane
 

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook