Minneord om Andreas Vevstad

15. november, 2007

Med Andreas Vevstad er ein viktig støttespelar for Gjerstad Historielag, og ein stor kunnskapsformidlar gått bort. Han døydde 10. oktober, og blei 77 år gamal.

Det er snart 30 år sidan Andreas fekk sitt første oppdrag av Gjerstad Historielag. Han skulle redigere etterlatne skrifter etter Lars Skjeldsø, og prøve å lage ei bok av det. Andreas såg at det var eit stoff som ropte etter å bli redigert og gitt ut. Og boka som kom ut i 1979 er noko av det beste Andreas har gjort. Han såg dei store linjene i stoffet, fekk sortert det og gjort det tilgjengeleg.

Folk i historielaget visste sjølvsagt om Andreas før dette. Me så vel på han som ein slags ubrukt ressurs, ein me visste kunne gjøre ting for oss.

Andreas var fødd inn i ein skrivetradisjon og ein historietradisjon. Far han, Jens var profesjonell skrivar, bladmann og forfattar av ulike bøker. Han var òg lokalhistorikar, ein av fedrene til den skrivne Gjerstadhistoria. Alt i 1909 var han med og tok initiativ til å få gitt ut ”Gjerstad beskrivelse”.

Andreas blei tidleg trekt inn i dette arbeidet. Rett etter 2. verdskrigen var han saman med far sin på Kongsberg. Riksarkivet hadde blitt evakuert dit under krigen, og der, i dei kalde gruvene sat Andreas og skreiv av kjørkebøker for Gjerstad.

Seinare ble det skogstudier på Ås. Den skogfaglege ballasten var viktig i det skrivearbeidet han snart kom inn i. Mykje kom til å handle om skog, men med åra kom han til å interessere seg for mange ulike emne.  Då Gjerstad historielag fekk kontakt med han var han på god veg til å bli etablert som skrivar, og oppdraga var mange. Han tok på seg oppgåver både som redaktør, spaltist og forfattar. Forutan skogfaglege og skoghistoriske emne har han arbeidd med foreningshistorie, sjøfartshistorie, bedriftshistorier, og ikkje mindre enn 3 bankhistorier. Andreas tykte at det var gildt å fortelje at ei av dei var trykt i Noregs banks seddeltrykkeri.

For Gjerstad har han skrive ei rekke med bøker: Frå Kvardagslivet i øvre Gjerstad 1850 -1890, Gjerstad kommune 150 år, Gjerstad Kjørke 150 år, Kvardagssmil og alvor – om krigen 1940-45, Gjerstad og banken, to band av Gards- og slektshistoria, og no sist, jubileumsboka for Egelands verks 200-års jubileum.

Det er fleire som har arbeidd med gards- og slektshistoria. Etter at Torleif Kveim hadde skrive fleire bind tok Ivar Grøvik over. Då Ivar Grøvik blei gamal, og skjønte at han ikkje kunne fullføre dette verket, skreiv han til Historielaget og sa rett ut at han tykte at Andreas Vevstad skulle ta over. Han skreiv bl.a.: Eg kan trygt seie at det hadde gledd Torleif Kveim veldig mykje at son til Jens Vevstad skulle fullføre bokverket. Og slik blei det.

Eg trur nok at Andreas si interesse gjekk meir i retning av å skrive allmenn historie og kulturhistoire, men alle var samde om ar gards- og slektshistoria måtte fullførast først. Han skreiv to grundige bind, eit om gardane lengst Gjerstadvannet, og eit om Åsbø-grenda.

Etter det var det tanken å begynne så smått med Kulturhistoria. Man pengane rokk ikkje så langt, og i ein del år blei det arbeidd med innsamling og systematisering av stoff. Så blei det bestemt at han skulle konsentrere seg om historia til Egelands Verk, med tanke på å gi ut ei bok til jubileet i 2007. Andreas rokk å fullføre manuskriptet, men ikkje å redigere bileta og gjøre sidene slik han var vand med å gjøre. Det får andre ta hand om no, og boka skal kome ut i år.

Andreas nytta tida godt, og rokk mykje. Bøkene hans ruver i hyllene. Då blei det ikkje så mykje tid til andre ting, men han tok på seg verv i ulike organisasjonar. Han sat mellom anna i styret for det som no heiter Aust-Agder kulturhistoriske senter, for Agder Historielag og andre foreningar.

Sjølv om Andreas levde det meste av livet på ulike stader utanom Gjerstad, var han alltid oppteken av Gjerstad og det som føregjekk der. Folk i bygda sette pris på han, og var glade for bøkene han skreiv. Det var derfor gledeleg at han i 2005 fekk Gjerstad kommune sin kulturpris. Andreas sette stor pris på det.

Når no Andreas har gått bort, er det lett å seie: For eit stort tap, å kor mykje kunnskap som har forsvunne med han.

Men eg synest ikkje at me skal seie det. Lat oss heller vere takksame for alt det Andreas har fått skrive ned, og gitt vidare til slektene etter han. Få har som han fått formidle og vidareføre den store kunnskapen han hadde.

Fred over Andreas Vevstad sitt minne.

For Gjerstad historielag

Kåre Dalane

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook