STORSTILT OPNINGSTUR FRÅ HOLMEN GÅRD.

23. mai, 2008

Søndag strøymde folk i store flokkar ut i det nymerka løypenettet frå Holmen Gård i Gjerstad.

Heile 250 turglade og interesserte i alle aldrar var møtt fram for å ta løypene i bruk. Torgrim Landsverk og Olav Brokeland som her har lagt ned eit imponerande arbeid, fekk skjere over snora og opna løypa, før flokken brøyta seg fram som ein orm oppover til Libergknatten.
Her fekk vi av Kåre Dalane servert historia om Holmen Gård og grenda rundt. Alt frå kongsdottera Borgine som for lenge sidan offera seg for å blidgjere gudane og fri bygda mot hungersnaud, og fram til nåtida og den vellukka drifta av Holmen Gård.
Ole Jakob Bråten var turleiar.Paviljongen på Haugen    
Neste stopp blei i Dalane midt på ein spesielt tydeleg kolbonn, der kol blei produsert før Egeland Jernverk gjekk konkurs i 1884. Bakkane vidare oppover til Paviljongen på Haugen gjekk fint på god veg. Her blei vi tatt gjestfritt i mot av eigaren Jens Martin Marcussen, som gav oss historia om Paviljongen frå 1919 og det vakre hageanlegget. Som ei overrasking stilte personalet frå Holmen Gård opp og serverte rabarbararsuppe og søsterkake.

Melåslinna

Følgjet tok så vegen ut Friarstien langs den frodige Skjellauslia, forbi Landsverk, Bjellås og Trevoll. Oppe ved Melåslinda slengte vi oss ned i graset då sola kom og gav oss varme. Kåre Dalane trådde på nytt fram og gav oss den spanande historia om Melåslinda, som kunne sjåast frå 5 kyrkjesokn og var eit tydeleg sjømerke i havet frå Lyngør til Jomfruland.

Folk blei imponert av det vakre kulturlandskapet på Melåshøgdene. Få stader i landet er det tatt vare på så mange gamle styvde edellauvtre. Ein stor takk til Gunstein Berge Melås som tar vare på denne gamle driftsmåten og gjer området til noko av det aller finaste i bygda vår.

Reidar Malm delt så med seg ei interessant historie om korleis istida forma landskapet, og om havet som etterpå strøymde heilt inn til Trydal. Turen gjekk vidare på god sti til Bråten, forbi Åsmundstøl og tilbake til Holmen Gård. Her slo vi folk seg ned langs bordene og kosa seg med ein god middag.

Løyper til alle

Turen var eit svært vellukka felles arrangement i godt samarbeid mellom Havrefjell Turlag, Gjerstad IL, Gjerstad Historielag, Arendal Turmarsjforening og Vertskapet Holmen Gård. Resultatet av den store skreia med folk blei ein godt oppgått sti, som nå ligg og ventar på alle dei som vil ut på tur i dei vakre og nymerka løypene.     

Søk

Handlekurv

Totalt: 0.00 kr
Handlekurven er tom.

Kategorier

Nyhetsarkiv

Bli medlem!

For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.

Lik oss på Facebook