Kva laga dei maten av? Kva var dagleg kost? Kva slag produksjon og tilgang på matvarer var der «i gamal tid»? Ved bruk av kjelder frå gardsarkive, Gjerstad Historielags arkiv, trykte kjelder og minnestoff, og lokalkunnskap, lar det seg kanskje gjøre å få eit bilete av tilgangen på matvarer og kosthold på bruk 39/4 i Gjerstad i Aust-Agder i 1875.
(Biletetekst: Dyretala på bruka på Moe var temmelig stabile over tid. Dette var dyra Der Vest ca 1910).
Av Olav Ulltveit-Moe
I september 1875 overdro Ellev Jensen og Ingeborg Osmundsdatter Mo garden til sønnen Jens og kona hans, Ingeborg Svendsdatter. Som bilag til skjøtet blei det også laga ein follaugskontrakt. Etter den skulle Jens sørge for foreldra med «alle til Livets Ophold og Fornødenhed hørende Ting, saasom Mad og Drikke ved eget Bord».
Som vanleg ved follaugskontrakter var det også ein sikkerhetsklausul. Der er rekna opp kva som skulle skje om dei ikkje var enige om forståinga av kontrakta. Jens skulle skaffe foreldra desse matvarene: 3 tønner (tn) rug, 4 tn bygg, 12 tn poteter, 1 tn kveite, ¼ tn gryn, ¼ tn erter, 1 tn malt med nødvendig humle, 1 tn salt, 6 bismerpund flesk, 3 bismerpund tørrfisk, 60 pund kaffi, 5 pund raffinade, 5 pund kaffisukker, 5 pund puddersukker, 8 pund tobak, 10 pund ris, 1 pund te, 18 potter kornbrennevin, 2 potter fransk brennevin. I tillegg hadde Ellev og Ingeborg rett til å holde to kuer og seks sauer som garden fødde. Det sikra dei mjølk, smør, ost og kjøtt.
Biletetekst: Moe i Gjerstad først i 1880-åra. Fremst bruket Der Øst, bak med kvitt innhus bruket Der Oppe, der Ellef Jensen og Ingeborg Osmundsdatter og etterkommarar budde. Av husene på bildet står nå bare nå bare innhuset og eldhuset Der Oppe , og innhuset Der Øst. Alle andre hus er enten rivne eller erstatta med nye hus. Eit tredje bruk, Der Vest, ligger like utanfor bildet i venstre kant.
Garden var eit av fire bruk i Moe i Gjerstad, Aust-Agder. Skogen har alltid vore rekna som det gjevaste her. Inntektene frå skogen var ein av hovedføresetnadene for tilgangen på matvarer.
Folketelinga 1865 viste at husholdninga på garden var 6 vaksne og eit barn, det var dei to gamle, det unge paret, dattera Ingeborg og ei tenestejente. Men matvarene på garden skulle rekke til fleire enn desse. Det var tre husmannsplassar under garden, mannfolka der arbeidde i skogen med
hogst av tømmer og ved, milebrenning av trekol, og tømmer- og kolkjøring. Det krevdes kraftig kost til tungt arbeid, noko av betalinga fekk arbeidsfolka derfor som korn og mjøl, kjøtt , flesk og smør.
I 1867 blei det laga forslag til ny matrikkel for soknet. Ellef Jensen hadde 2 hestar, 8 kuer og 20 sauer. Utsæden på garden var 4 notting kveite, 1 ½ tn bygg, 2 ½ tn blandkorn og 12 tn poteter. Det var noko meir enn det som er oppgitt i folketellinga 1865. Avlinga var: kveite 12 foll, bygg 8 foll, blandkorn 8 foll og poteter 12 foll. Etter det skulle årsavlinga bli omlag 2 tn kveite, 12 tn bygg, 20 tn blandkorn og 144 tn poteter.
Sauetalet på 20 dyr var omlag som hos naboane. Saueholdet kunne vere vanskeleg i Gjerstad som ellers i Agder, fordi epidemiar med sjudom og parsittar var vanleg. Skabbepidemiar førte fleire gonger til samanbrot i sauebestanden i Agder i første halvdel av 1800-åra.
Etter 1850 skjedde ei gradvis overgang fra eldre driftsmåtar til driftsmåtar slik dei var vanleg etter 1900. Høysleder som denne blei brukt til heimkjøring vinterstid av skauhøy samla i stakker og høybuer, men også til å kjøre inn høyet på låven i slåtten. Til utkjøring av møk var møkflak på slede vanlig, eller møkkiste på kjerrer med kubbehjul. Kjerrer med jernskodde hjul blei vanlig etterkvart som bygdevegane blei utbygde frå 1850 og framover.
Lensmann Lars Nordbye kom til bygda i 1871, blant dei første oppgavene hans var å skrive kommunens 5-årsberetning 1865 – 70. Han gjekk grundig tilverks. Kutalet i Gjerstad var 650, skreiv han. Vanleg avdrått var omlag 1200 potter mjølk pr ku, og det ga 2437 pund og 12 merker med smør for heile bygda. Han oplyser at de var vanleg å rekne at 100 potter mjølk ga 15 potter fløte, og at 2 potter fløte ga 1 mark (litt under 0,25 kg) smør. Dei 8 kuene på Moe skulle etter dette gi omlag 9.600 potter (4500 l) mjølk tilsamme, om all fløten blei brukt til smør ville det gi omlag 720 merker (180 kg) smør i året.
Då Ellef og Ingeborg var nygifte i 1840-åra, flytta dei ut av det gamle fellestunet og bygde nytt tun. Nytt innhus blei sett opp, nytt stolpehus og eldhus. Kjøkkenet hadde kjøkkenbenk og matskap, men ikkje ovn. Kokinga blei gjort i grua. I kjøkkengolvet var det lem ned til ein stor og god potetkjellar. Eldhuset blei bygd med stor og djup grue, og med bakarovn. Her kunne det kokast, steikast, røykast og tørkast. Bakarovnen i eldhuset var det verkeleg nye, den viser at dei bakte brød. Kornet som blei dyrka lokalt var lite egna til baking, brødet heva seg ikkje skikkelig. Dagligbrødet var flatbrød. På stolpehuset stod ei stor tre fot høg lagga stavkar som med jame mellomrom måtte fyllast med flatbrød laga av korn og/eller poteter frå garden. Bakst av stomp – ovnsbrød - krevde korn, særleg rug, importert frå dei baltiske landa, Polen og Amerika. Etter omlag 1830 var tilgangen og prisen på importerte kornvarer slik at bakarovn blei almindelige i Gjerstad. Tidlegare var dette bare brukt på Egelands Jernverk og kanskje på Prestegarden.
Jens Ellevsen og Ingeborg Svendsdatter Moe med dattera Ingeborg ca 1880.
Overdraginga av garden til sønnen Jens i 1875 endra dagleglivet lite. I matstellet var dei unge og dei gamle saman. Jens overtok og fortsatte kontakten faren hadde hatt med kjøpmann J.W. Prebensen i Risør, selte tømmeret og kjøpte det som trongst av matvarer og anna hos han. Kontraboka mellom Jens Ellevsen og Prebensen er bevart, dei første innførslane er i november og desember 1875 og gjelder i hovedsak matvarer. I to omganger, 11. og 15. desember, henta Jens heim tilsammen 4 tønner rug, 1 ½ tønner salt, 8 tønner mjøl, 19 pund kaffe, litt kandissukker, rosiner, pudder- og kaffisukker, 1/8 tønne med gryn, 1/8 tønne med erter og 10 pund ris. Dette var vinterforsyningane, men i mars neste år trengst meir, henta i Risør. Då kjøpte Jens 8 tønner rug, 2 skjepper sikta rugmjøl, 4 sjepper sammalt rugmjøl, 20 pund anna mjøl og 16 pund ris. Det ser ut til at dette var ein vanleg rytme, med storinnkjøp to gonger i året.
Det var sikkert gris på garden, for griseholdet var begynt å ta seg opp i Gjerstad på denne tida. Og folketelinga to år tidligare som også har med husdyr og utsæde, viser at dei då hadde ein gris. På denne tida var nok gris vanleg bare hos dei som satt tåleg godt i det. Gris var slik sett ikkje del av det vanlege dyreholdet som skulle registrerast og vere grunnlag for matrikkelskatten. Sugger var det få av, grisungar blei omset av omreisande dyrehandlarar som kjøpte dei der dei var å få tak i, kanskje vestover i bygdene rundt Arendal eller Grimstad, eller i Vestfold, Østfold eller på Jylland. Det var tradisjon for dette i kystområda i Agder. Innkjøpa på Jylland gjaldt særleg kornvarer, salt flesk og salt fisk, smør og levande smådyr, m.a. smågris. Denne handelen fortsatte også etter at Norge og Danmark skilte lag i 1814.
Etpar matvarer er ikkje nevnt i follaugskontrakta: fersk og salt fisk. Moe hadde lang strandlinje langs Gjerstadvannet der det var godt fiske på aure, tryte og sik. Siken var særlig viktig, fordi den i gytetida i juni samla seg og «leika». Ein av dei viktige «leikeplassane» var ved Nessundet, der det var gode garnsett som ga sikker fangst. Sik blei brukt fersk kokt og steikt, eller røykt og tørrsalta i kasser som sto på stolpehuset.Tryte og aure blei helst fiska i Rafstølkjenna, der var det også ålekar som kunne gi bra fangst når ålen gikk ut om høsten. Ein kan undrast over at dette ikkje er nevnt i follaugskontrakta, forklaringa er nok at fiske var felles for alle gardane. Kvar og ein kunne derfor hente den fisken dei trong.
Fersk fisk var viktig sommermat, salte sik kunne drøyast utover høsten. Ål blei kokt og steikt, eller salta og røykt til vinterbruk. Ål er den feitaste av ferskvannsfiskane, i bygdene innafor kysten av Agder har den alltid vore høgt verdsett for feittet. Salt sild og makrell er heller ikkje nevnt, endå det var vanlig i Gjerstad å kjøpe ei tønne eller to i året. Salt sild er ofte omskriven som fattigmannskost, men i Gjerstad var den verdsatt av alle som ein feit, og framfor alt god fisk som kunne lagrast og var billig. Men nå er det jo slik at ikkje alle gjersdølingar liker sjøfisk. Kanskje var det eit skille mellom dei som ikkje likte og ikkje trong å bruke sild og makrell i maten, og dei som måtte fordi det var billig og næringsrik mat. Det ser i alle fall ut til at familien på Mo ikkje kjøpte anna fisk enn eventuelt tørrfisk.
Ei oppsummering av matvarer dei hadde på Moe i 1875 viser då:
2 tn. kveite, 12 tn. bygg, 20 td. blandkor, 12 t. rug, 8 ½ tn mjøl (sammalt rug), ¼ tn sikta rugmjøl, 20 pund anna mjøl, 26 pund ris, 1/8 tn gryn, 1/8 tn erter. Sukker: 5 pund rafinade, 2 pund pudder-, 2 pund kandissukker, litt rosiner.
Kveite og bygg var grautmjøl til dagleg kost, rugmjølet viser at grovbrød – stomp – også var dagligmat. Det sikta rugmjølet må vere til bakst, rosinene gir mistanke om søsterkake som har tradisjon her. Mengda av ris er såpass stor at risgraut ikkje kan ha vore uvanleg. Gryn og erter saman med salt kjøtt gir god suppe, med poteter til blir det ein kraftig middag.
Mengda viser at sukkeret fortsatt blei rekna som luksus. Det var endå eit stykke fram til at saft og syltetøy var vanleg.Over 140 tønner med poteter viser at dette var ei viktig matvare, både som menneskemat og dyrefor.
Uttaket av slakt må bare bli overslag, men bør ha vore eitpar årskalvar, 1 - 2 ungdyr/vaksne – helst stut, av og til ei ku, 3 - 5 sauer og minst 6 lam, og grisen. Saltmengda som blei kjøpt i desember, 1 ½ tønne, forteler at mykje av juleslaktet blei salta ned. Jula var også tida for lungemos og pølser. Litt slakt blei det nok også gjenom året for å ha fersktkjøtt.
Speking av kjøtt var lite brukt her. Så nær kysten er luftfuktigheten for høg til kjøttet kan lufttørrast, men morrpølse kunne spekast i den store grua i eldhuset.
Mjølka av kuene var tilsaman bare omlag 4500 l, som er svært lite samanlikna med moderne avdrått. Den kunne gi maksimalt 180 kg smør, helst eindel mindre. Mjølk var også drikke, særleg som surmjølk og kinnemjølk, og sikkert også tettemjølk. Ramost var vanlig og viktig. Den var drøy, og kunne brukast til å sette smak på rettar som ellers var tamme i smaken.
Fisk må ha vore del av sommerkosten, det var lett å få tak i det dei ville ha av aure og tryte, og sik. Høns og egg hadde dei ikkje, men det kunne nok til tider falle ein og anna orrfugl.
Korn var også eindel av foret. Dei 20 tønnene med blandkornet, som var blanding av havre og bygg, var dyrefor. Kuene fekk sin del, men mengda gjekk til hestane – det var hingstar - som var i hardt arbeid heile vinteren.
Grisen fekk godt stell seinhøstes, særleg siste månaden før slaktinga. Då vanka det rikeleg med kokte poteter og byggmjøl. Det hendte at han blei handfora med komper av poteter og mjøl så mykje han kunne få i seg den siste levemånaden, så flesket auka. Det kunne bli som handsbreidda på ein vaksen mann.
Lars Skjeldsø voks opp på Lunden i Øvrebygda, Gjerstad. Han skreiv seinare ned minner frå 1850-åra og framover. Om matstellet skreiv han: «Hverdagskosten var enkel. Om mårå'en var det flatbrød med smør, ost, prim eller møssmør til. Til «dauer» (dugur, før'da, kl 10) var det brødsoll av flatbrød og sur mjølk. Middag: poteter, sild og makrill, speken eller stekt. Makrillen blei au kokt. ..... Kveldsmaten var skrellmjølsgraut kokt på vann, eller potetgraut. Hadde dei så mykje slakt at det kunne bli kjøttsuppe to gonger i veka, var det bra., men elles var det kjøttsuppe bare om søndagen. ...... Kompe blei mykje brukt til middagsmat. Det var raspekomper, eller komper av bare mjøl. Ein god fettklomp gjorde det til ein velsamakandes rett. Det blei au steikt kaker i dei store vaffeljenna som blei støypte på Verket. ..... Dei var store og tykke, og blei lagt like på varmen. Som matskifte laga husmødrene vaffelkake av gjæra og ugjæra deig, og av potetmak. Ei tid var det stor og billeg brisling å få kjøpt om høsten, og den blei mykje brukt til vaffelkaker. Når ein ikkje hadde smør, ..... var det å lage potetost. Det var potetmak – knøste poteter, tesett salt og sur mjølk, og det heile blei knadd ihop. Det blei ofte sett til litt karve au, og hadde ein au litt gammel, bitter ramost å ha i, blei det eit godt saul.
Som regel blei det kokt graut ein eller to gonger om dagen, og den åt dei med einerberøl til. .... Einerberøl blei mykje brukt til grauten om kvellane heilt opp mot slutten av hundreåret. .....Så var det sild og poteter, med vann til. Hadde ein mjølk å drikke, var det ein svært god middag. Det vanka iblant noka eiketres dunkar på 1 anker med hollandsk smør, men det var mange gonger trått, og mest ikkje å ete.»
«Etter slaktinga hver høst blei det laga morpølse. Ho var laga av hakka kjøtt med fett og eindel krydder. ... Morpølsene var gode, og dei kunne etast spekne, kokte eller stekt. ...... Morpølse var au å se i kolhyttene hos kolbrennarane. Ho var god å ha att'te middagsmaten, som elles besto av poteter og sur mjølk. Pølsa blei stekt ved at dei grov ho ned i eldmørja i hyttespessen.»
Det Skjeldsø skriver om kosthold var nok temmelig likt over heile bygda. Folk levde forsiktig i det daglege, og om kosten på Moe var anderledes, så var det nok bare silda og makrellen som mangla.
Artikkelen er publisert i "Lokalhistorisk magasin" nr. 4/2007.
Kjelder:
Eige gårdsarkiv: Follaugskontrakt mellom Ellev Jensen og Ingeborg Osmundsdatter Mo og sønnen Ellev Jensen Mo. September 1875.
Kontrabok for Jens Ellevsen Moe, Gjerestad Sogn og J.W.Prebensen, Risør.
Beskrivelse og forslag til ny Skyldlægning af Brugene i Gjerestad Herred. Risør 1867.
Gjerstad Historielags arkiv: Kopi av 5-årsberetning 1865 – 1870 for Gjerstad Herred v/ lensmann Halvor Nordby.
Lars Skjeldsø: Frå hverdagslivet i Øvre Gjerstad 1850 – 1890. Ved Andreas Vevstad. Gjerstad Historielag 1979.
Internett: Folketelling 1865.
For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.