Det sendes i disse dager ut innkalling til ekstraordinært årsmøtei Gjerstad Historielag i forbindelse med evt. kjøp av deler av bygningsmassen på Holmen Gård.
Årsmøtet avholdes torsdag 13.9.18 kl 19:00 på Abel ungdomsskole.
I forbindelse med Brokelandsheiadagane - 7. til 9. september - vil Gjerstad Historielag lansere to heilt nye bøker. Det er Svein Brekka som er forfattar.
Den eine boka heiter "Frå gløymeboka i Grenseland". Her tar forfattaren oss med til Jysereid, og fortel om familen til Jon Jysereid, men også om andre familiar og gamle buplassar. Boka er på 107 sider og er rikt illustrert både med bilder og teikningar. Boka har stor skrift, og er lett å lese.
Tradisjonen tru vil det også i år komme "Stubbar og skroll". Dette er bok nr. 10, og den siste. Desse bøkene er godt kjent, så nokon omtale trengs ikkje.
Det største problemet med desse bøkene, er at dei er så gilde at det er ikkje råd å legge dei frå seg før ein er ferdig.
Bøkene vil etter lansering bli å få kjøpt på webshopen og i dei vanlege utsalgsstadane.
You can read the web pages in English by clicking here. You must use Google Chrome. The web pages are translated via Google translate.
For å melde deg inn i Gjerstad historielag, klikk her.